Tunagarden

Tunagarden er ein familiegard på Syse i Ulvik.

Her held me sau av typen gammalnorsk spælsau. Tunagarden husar også handverksbakeriet Kàdn & Alde i den gamle grindløa på garden.

* Levering av kjøt i veke 39-42

Gammalnorsk spælsau

Dyrehald og gardsdrift

Gammalnorsk spælsau stammar frå den gammalnorske sauen, som har gitt opphav til dagens spælsaurasar. Gammalnorsk sau vert rekna som den mest opphavelege typen av sau her i landet. Rasen er lite påverka av avl og innblanding av andre sauerasar.

Sauen har jo to spener, og frå naturen si side er to lam vanleg. Spælsauen får som regel to lam, har gode morsinstinkt og har ofte ei lettare lembing enn andre sauerasar. Spælen er gode flokkdyr og klarar seg godt i dei bratte fjellbeita rett under 1200 meter. 

Som sauebønder er me opptekne av å halde ein bærekraftig produksjon der dyrevelferd, pleie av kulturlandskap og godt kjøt til forbrukaren står i sentrum. 

Dyra våre bur i eit nyare grindbygg på garden der dei går på talle (underlag av flis og halm). Alle lam vert fødde inne, men er klar for å møte den grøne vårbøen etter nokre dagar inne. 

Kjøtet til den gammalnorske spælen er velsmakande og møyrt med lite fett. Kjøtet har eit hint av viltsmak i seg, og er meir marmorert enn norsk kvit sau. 

Spælsauen har ei mjuk botnull og lang sterk dekkull som heng i vakre lokkar i ulik farge. Grunnfargane er svart og brun, men me har også sauer og lam i ljos brun, brunblå, kvit og viltfarga.

 

         

Sauene våre beiter frå fjord til høgfjell i løpet av beitesesongen. Frå 70 moh på heimebeite til 1000-1200 moh ved foten av fjellet Vassfjøra (1633 moh). Lamma våre går på naturbeite frå dei er eit par veker gamle og fram til slakting i september /oktober. 

Deler av garden sitt beite er gammal kulturmark / artsrik slåtteeng. 

Lammekjøt

Sauene våre beiter frå fjord til høgfjell i løpet av beitesesongen. Frå 70 moh på heimebeite til 1000-1200 moh ved foten av fjellet Vassfjøra (1633 moh). Lamma våre går på naturbeite frå dei er eit par veker gamle og fram til slakting i september /oktober.

Skinn

Me sel skinn i fleire fargevariantar. Her kan ein legge inn ynskje om grå, svartgrå, brune eller kvite skinn.

Kádn & Alde

Kádn & Alde er eit handverksbakeri i den ombygde gamle grindløa på tunet. Bakeriet er tufta på reine naturlege råvarer

Tunagarden er eit gardsbruk på Syse i Ulvik. Deler av garden er terrassert i gardar i det brattlendte terrenget. Tunagarden er ein slik terrasse i det som opphavleg var det gamle klyngetunet på Syse. 

For oss handar lokal matproduksjon om framtida. Nærprodusert mat held oppe lokalt jordbruk og styrkjer felleskapet ved å oppretthalde bindeleddet mellom forbrukar og produsent. 

 

Tunagarden.syse@gmail.com

41 04 44 49